Det kom kanskje ikkje så tydleg fram i forrige bloginnlegg, men eg vil altså byrja med videobloging. Så sei til adle venene dine som er i bransjen at no kjem endeleg den hjelpa som dei har venta på, sjølv om dei kanskje ikkje er klar over det endo ein gong! -Da e så flott.
Eg ville berre skriva litt om meg sjølv. Eg er Margot, eg er 29 år, og har arva foreldrene mine sin gard i Bø. Der har eg 26 nydelege sauge og ein ver som eg e så gla i. Eg er veldig glad i å pynta meg, og ynskjer å hjelpa andre bønder til å bli meir som meg, og vera meir representative for yrkesgruppa vår. Me er nemlig ikkje griser sjølv om mange av oss driv med det. Så følg med vidare for masse fine tips og gode råd!!!! :) E da kje flott?
Dette er den første posten på min nye blogg ;)